mandag 30. juli 2007

Mmmm


Endeleg er bringebæra modne. Villbringebæra som veks i hagen min. Kva anna kan ein då gjera, enn å plukka seg ei lita skål med bær og setja seg i sola og nyte? Støvsuge kan ein gjera ein regnversdag... ;)

mandag 23. juli 2007

Feriemoro!


Lego robotics invention. :) Her er det duka for timevis med moro for både store og små. Etter at mor har bygd lego, installert programvare, programmert og overført, er det klart for at lillemann kan leike... ;)

torsdag 12. juli 2007

Årets jordbæravling pr. 12.juli


Mmmmmmmm... DET var delig, det! Sjølv om avlinga ikkje ser ut til å verta så veldig stor (Eit bær som er halvete av småkryp, 2-3 grøne som treng enno ei veke og litt sol, og altså dette raude, fine, søte, deilige jordbæret), gjeld det å nyta det ein har! Det er er kjekt å kunne gå ut i hagen å plukke sine eigne bær. Men eg trur kanskje eg bør skaffe nye jordbærplantar til neste år. Nokon som ikkje har stått i den same balkongkassa i 5 år i strekk og er pjuskete og små og for gamle til å gidda å produsera bær.. Kanskje. Hvis eg hugsar på det. Og gidd. Men det er lenge til neste år. No skal eg berre sitja ei stund og nyta ettersmaken av jordbær frå eigen hage.

onsdag 11. juli 2007

Sommarjobb


Ah! Endeleg ein sommarjobb der eg ikkje treng gå i ein klam uniform i eit lokale der lufta luktar frityr og kundane er sveitte og uhøflege. Nei, istaden sit eg heime på kontoret i fred og ro og driv med det eg likar best: Dille med data. Kan det bli betre? Ok, så er det ein del arbeid med ei heimeside, men kva gjer vel det når ein får betalt? :D
/me happy.

søndag 8. juli 2007

Nam


Dagens middag :)

fredag 6. juli 2007

Liljer frå opphavet


Snille mamsen har kjøpt liljer til meg. Kjempefine! :) Takker og bukker.

mandag 2. juli 2007

Test igjen


Hmm.
Oki.
Superenkelt å laste opp bilder.
Og tekst.
Yay!
I sense hours of fun.... :D

Kjedelig


Eller rettare sagt: ferie! ;)
Og kva er då betre enn å utforska kva ein kan gjera med mobiltelefonen??
So long - and thanks for all the fish!