torsdag 12. juli 2007

Årets jordbæravling pr. 12.juli


Mmmmmmmm... DET var delig, det! Sjølv om avlinga ikkje ser ut til å verta så veldig stor (Eit bær som er halvete av småkryp, 2-3 grøne som treng enno ei veke og litt sol, og altså dette raude, fine, søte, deilige jordbæret), gjeld det å nyta det ein har! Det er er kjekt å kunne gå ut i hagen å plukke sine eigne bær. Men eg trur kanskje eg bør skaffe nye jordbærplantar til neste år. Nokon som ikkje har stått i den same balkongkassa i 5 år i strekk og er pjuskete og små og for gamle til å gidda å produsera bær.. Kanskje. Hvis eg hugsar på det. Og gidd. Men det er lenge til neste år. No skal eg berre sitja ei stund og nyta ettersmaken av jordbær frå eigen hage.

Ingen kommentarer: