mandag 13. august 2007

Vinterpålegg


Det har vore ein nydeleg sommardag i sør, og eg har plukka plommer og rips frå ein hage på Lund. Det har foreløpig resultert i 3 glas med plommesyltetøy og 3 pittesmå glas med ripsgelé. Eg er veldig spent på korleis det smakar på skiva i morgon... Dersom det vert suksess lagar eg nok meir ;). Hvis eg har tid, då. Det er trass alt studiestart i morgon!

tirsdag 7. august 2007

Dagens fangst


Ein vaksen
Eit barn
Ein halvtime
Eit skrubbsår
Eit vrikka handledd
Ein svolten flått
Tre irriterte maur
Fjorten mette mygg
...og eit par dl deilige, søte, blå antioksydantbomber. Nydeleg!