fredag 30. november 2007

Ferdig!


Eg klarte det! Småstolt :).

Fredagskos


Domino, mikado, nisselys og helg!

torsdag 29. november 2007

One down, two to go...


Då var databaseeksamenen overstått. Godt å vera ferdig. No blir det husavask og litt kos før eg må byrja å førebu meg til eksamenane i systemanalyse og java. Blah.

mandag 26. november 2007

Dyrisk


"Middag" og oppladning i sebrastuen før me skal på boblejakkejakt!

søndag 25. november 2007

Jolesokkar


No er ikkje jolesokken min fullt så einsam lenger. Lenge hadde han ikkje sett på maken, men noreknar eg med dei blir eit par før jola er over...

fredag 23. november 2007

Feiring!


Endeleg er systemanalyse- og systemutviklingsrapporten levert! Den endte opp på 72 sider inkudert vedlegg. Kan ikkje sei at eg gler meg til å lesa igjennom den att f;r muntleg eksamen. Men det tenkjer eg ikkje på no. No er eg berre utruleg letta over at rapporten er ferdig og levert.
-Det heile vart feira med deilig kyllingsalat og fantastisk god is i kantina!

Fredagskunst ...


Kven er 'kunstnaren' tru?

tirsdag 20. november 2007

Rein bil...


...med ei list mindre!

UiA feirer seg sjølv!



Mens Mette Marit åt lunch i kantina med 199 andre, var me andre forvist til vrimlehallen og Østsia. I vrimlehallen var det bollar og frukt og grønnsaker og musserende drikke, mens Østsida fungerte som kantine for dagen. Litt tungvint og svært dårlig utvalg av mat, men kjekt med ein litt annleis dag...
Det vil sei, for oss var det ein rimeleg vanleg dag med rapportskriving og pirking.

mandag 12. november 2007

Dagens fangst....


Det tok 2 timar frå fellene var sette ut til det sa pang! Er i grunnen glad for at den ikkje var større. Men kjipt og litt småekkelt likevel. Eg får fora den til den store mørke skogen, og vente på at det smell att... Me får tru det berre var denne eine. -krysse fingre...!

Snart eksamen


Panikken byrjar å bre seg...

lørdag 10. november 2007

Gamal HiA-blogg...


Sat og surfa litt her i kveld, og fann bloggen me laga på førstesemesterstudiet på HiA våren 2006.
Dvs i 'informasjonssøk'-delen av kurset . Eg hang meg meg på 2 framande jenter, så slapp eg å gjera alt arbeidet åleine. Det var skummelt men veldig kjekt. Kravet for å få gå opp til eksamen var å få bestått på bloggen vår, og det gjorde me med glans. Det var stas å få gode tilbakemeldingar etter så lang tid borte frå skulebenken. -Tusen takk for godt samarbeid, Cecilie og Berit!! ;)
Her er linken:
http://no-120incebe.blogspot.com

Da klør!


Snart ferdig m jolesokk nr 1. Ikkje heilt fornøyd, men greit nok til å vera strikka på gefylen framfor TVen. Skal tru om eg kjem til å strikka ein som passar til?

fredag 9. november 2007

Konsert med 4.trinn i Vrimlehallen på UiA


Temaet er 'Griegoriansk' sidan det i år er 100 år sidan Edward Grieg døydde. Konserten er eit samarbeid mellom musikkstudentar frå UiA , 4 undomsskuleelevar og 4.trinn frå Ve skole.

DEI ER KJEMPEFLINKE!! :)

Nokre av borna som går på SFO kjende meg att, noko som i farten førte til fylgjande festlege ordveksling:

Gut: "Jobber du her?"
Eg: "Nei, eg går på skule."
Gut: "Å, æddu'kke voksen?"

Me vart einige om at det er mogeleg å gå på skule og læra ting når ein er vaksen og!