skip to main |
skip to sidebar
Med grisehyl og nyttårsraketter
me høglytte går inn i nyttårsnetter.
Me sender dykk klemmar og håpar de får
eit roleg og fredleg og godt nytt år!
Siste innspurt før nyttårsforsetta skal setjast ut i live...
Tog til Bergen i går, og overnatting hjå brodern til i dag. Flybuss til Flesland og fly heim i dag! Kjekt å vera på tur, men det skal bli godt å komma heim og møte "vennane" mine att! Takk for ei fin og fredleg jol!
Jolefrokost :)
Utsikt nedover Vosso i -10. Ein nydeleg dag!
Når det er 10 kuldegrader ute og ein har reist langt og lenge, og er kald og trøytt, då er det utruleg deilig å finne ein varm og god varmepose i senga. Tusen takk mor!!
Fuglen har fløyet, landet, kjørt buss og satt frå seg bagasjen. No er det frokost nr 3 før det er klart for siste innspurt med gavekjøp. I løpet av dagen blir det og tid til lunch m storebror før den lange togturen. :)
Is og isfiskarar på Topdalsfjorden i dag. Det har visst vore kaldt i det siste.
Pinnekjøt til middag og riskrem til dessert... Nam!!
Slike nymotens greier har visst sikring. Og denne er i følge dama i lampebutikken "ganske vanskelig å bytte. Du bør ta hele lampen med deg til Bohus og få de til å ordne det." Eh ja. Vel. Eventuelt kan ein ta ein tur til Biltema og kjøpe 4 sikringar til 14,50, og deretter reise heim og fikse det sjølv. Sjølve bytinga tek maks 20 sek -hvis du er klønete...
Godt å vite at ansatte i fagbutikkar har greie på det dei sel..!
Lys nummer tre er tent, og eg har berre to presangar klare. Med 8 dagar att til jol er det vel på tide å få opp farten. Blir nok handling i morgon. Og vasking. Og litt rydding. *puh*
Siste eksamen er unnagjort, sola skin, rimet fargar bakken kvit og eg er klar for helg!!
public class Eksamenslesing {
private int iq;
private int tid;
private Pensum pensum;
public Eksamenslesing(int iq, int tid, Pensum pensum) {
this.iq = iq;
this.tid = tid;
this.pensum = pensum;
}
public void forståStoffet() {
if(iq > 139 || tid > 1000) {
System.out.println("Dette går så fint, så");
}
else {
System.out.println("Hjeeeeeelp!!!!!!");
}
}
}
Javaeksamen i morgon. :s
Snart på tide å byrja med joleførebuingar? Tja. Skal tenkja på det til helga. Trur eg.
Pizza, kvitløksdressing, cola og Harry Potter 5 dankar lett ut eksamenslesing. Desverre.
Kurongbord + klinkekuler = bråk.
Bråk + eksamenslesing = dårlig idé.
Snill gut + toropose = vafler til mor.
Fyrstikk + adventslys = gryande jolestemning.
Adventsstake, nellikappelsin, smånissar, fjøsnisse, pepperkaker og nisseluer.