onsdag 31. desember 2008
tirsdag 30. desember 2008
mandag 29. desember 2008
søndag 28. desember 2008
mandag 22. desember 2008
torsdag 18. desember 2008
Skinande kjøkkenvask

Eg har blitt lokka til å prøva meg på Beginner BabySteps på FlyLady.net, og har no gjennomført steg 1. (Vel, nesten i allefall - skippa nemleg klorinsteget sidan eg eigentleg er på veg i seng).
Får sjå om eg klarar å fylgje opp med å vaske opp, sette på plass, og vaske og tørke av vasken kvar kveld før eg legg meg. Eg har mine tvil, men det må vera lov å håpa på og drøyma om å vakne opp til rein kjøkkenvask kvar dag? Eg skal i allefall gjera eit forsøk ;)
onsdag 17. desember 2008
søndag 14. desember 2008
onsdag 10. desember 2008
mandag 8. desember 2008
onsdag 3. desember 2008
mandag 1. desember 2008
onsdag 26. november 2008
torsdag 20. november 2008
onsdag 19. november 2008
Volumknapp, jatakk!
Det er ganske utruleg. Og forferdeleg irriterande. Det er nesten grunn nok til å kjøpe ny. I allefall når eg aldri har snøring på om den vil gje lyd frå seg eller ikkje.
Eg snakkar om den bærbare PCen min sjølvsagt. Og det faktum at den ikkje har volumknapp. Eller muteknapp. Eller i det minste ein høgtalar ein kan dekke til med ei hand eller noko. Neidå. Det ville vore for enkelt.
Det er sjølvsagt mykje meir fornuftig å måtte åpne hovedvolummenyen eller klikke på volumikonet. Du veit, det heilt nederst i høgre hjørne på skjermen din som du ikkje ser eller får gjort noko med før du har starta maskinen og logga deg inn og høyrt på den fantastisk høge velkomstvignetten som skingrar ut av høgtalarane, og som du heilt gløymde å merke av 'mute' på etter at du såg på film med fullt volum i går. Det er vel meir enn ei gong eg har prøvd å dekke til heile framsida av PCen med underarmen i eit forsøk på i det minste å dempe lyden når eg sit i timen og er litt sein med å komme i gang. Eg sjønar ikkje at det i det heile teke er mogeleg å laga ein PC utan ein eller annan måte å skru av lyden UTAN å vera logga inn! Og JA, eg BÅDE sjekka over og under og bak og på sida av PCen, OG om det er ein lur tastekombinasjon som kan brukast. – Og NEI, eg har IKKJE FUNNE DET! Ikkje eingong mine kjære studiekameratar har klart å finne ein lur måte å gjere det på, så eg har gitt opp. Ikkje PCen altså, men det å vera lydlaus. Det er uansett ikkje mogeleg med den traktorvifta som durar under tastaturet. Den får jo ikkje fri stakkar, så heit som PCen min er! Stakkar vesle overarbeida PC utan volumknapp.
(For dykk som har litt tungt for det: Ja, eg ynskjer meg volumknapp til jol!)
tirsdag 18. november 2008
It Works!
Du store mi tid! Det må eg sei. Eg er visseleg imponert!
-Men korleis går det med bilete...?
*Teste att*
Bilete:
Blogge frå Word :)
Oki, eg må innrømma at eg er litt skeptisk. Vil dette fungere? I såfall er det ganske stilig! Det blir dessutan mykje enklare å skrive blogginnlegg. Dersom eg faktisk gidd å skriva sjølvsagt.
Ok, nok pjatt. No er det testetid!
*Teste*
fredag 14. november 2008
søndag 9. november 2008
fredag 7. november 2008
torsdag 30. oktober 2008
onsdag 29. oktober 2008
mandag 27. oktober 2008
fredag 24. oktober 2008
søndag 19. oktober 2008
søndag 12. oktober 2008
lørdag 11. oktober 2008
"Nye" gardiner

Snille husvertinna har fått seg nye gardiner og eg har fått hennar gamle! No er stova vorten ljos og fin, og litt ugjenkjenneleg!! Det er mest som eg skvett kvar gong eg går inn i rommet. Det einaste som står att er å tilpasse gardinstong til dei små vindaugene, og sy opp gardinene som skal vera der. :)
onsdag 8. oktober 2008
fredag 3. oktober 2008
onsdag 1. oktober 2008
Nerdemoro!

I kveld var eg på NNUG-møte for andre gong (Norwegian .NET User Group). Temaet for kvelden var korleis ein kan bruke .NET for å programmere legorobotar. Veldig moro!
Etter litt informasjon om bruk av legorobotar i skulen fekk me ei rask innføring i korleis ein kan programmere dei i Visual Studio 2005.
Me vart delt inn i 4 lag, og kvart lag fekk utlevert ein laptop og ein robot. Så var det berre å setja i gang med å kople dei saman ved hjelp av blåtann, og deretter legge strategi og skrive kode.
På slutten av kvelden var det miniturnering der me skulle komme oss gjennom ei lita slalomløype. Me vann så klart ;)
søndag 21. september 2008
fredag 12. september 2008
tirsdag 2. september 2008
onsdag 27. august 2008
fredag 22. august 2008
fredag 1. august 2008
fredag 27. juni 2008
søndag 20. april 2008
Flaks - eller nøye berekna?
Motoren går... og bensinmålaren står på minimum...
Oppdaga plutseleg i dag at eg ikkje hadde særleg mykje bensin att. Pila på bensinmålaren var nemleg på den siste kvite stripa. Veit av erfaring (!) at det då fortsatt er nokre liter att på reservetanken, men er litt glad for at eg oppdaga det i tide. -Det vil sei rett før siste bensinstasjon på eit par mil. Heldigvis lenge sidan sist eg køyrde tanken så tom. Og så får eg håpa det vert ei stund til neste gong, hehe. ;)
lørdag 19. april 2008
søndag 13. april 2008
lørdag 22. mars 2008
Skitur på Hamlagrø
Det er ein fin dag og tid for skitur nummer to i løpet av påsken. Ganske bra vær, sjølv om det er litt kald vind. Godt me fann ein lang bakke me kan lage løype i. :) På mandag var me ein tur på Langedalen. Det var fint vær då me gjekk utover, men då me kom fram til stølen og hadde fyrt opp bålet, kom skyene og snøen. Då fann me det best å pakke saman og sette kursen heimover. Det var lettare sagt enn gjort, sidan Daniel hadde knekt av gummituppen på skiskoen. Det endte med at eg måtte ta hans ski med rottefellabinding, og han tok mine (eigentleg mor sine ;) med kandaharbinding. Det vart ein heller "interessant" tur for oss begge to!
lørdag 15. mars 2008
fredag 14. mars 2008
Brudd?
Fekk telefon frå frøken i går om at lillemann hadde ramla og slått seg på skulen. Henta han på SFO litt etter, og då var han godt opphovna i handa. Ringte legen og fekk komma med ei gong. Han kikka raskt på handa og meinte det var brudd. Så då var det å hoppe i bilen og køyre til sjukehuset for røntgen. Når bildene var tekne, var det å finna seg ein plass på venterommet i akuttmottaket. Der vart me sitjande i to timar, før turnuslegen kom og henta oss. Så var det ca 20 min med tyding av røntgenbilder, konferering med andre legar og sykepleiar, før det endeleg var klart for gipsing. Og det tok jo si tid, sidan første forsøk ikkje gjekk så bra. Så då var det av med gipsen og på med ny. Når dei endeleg vart ferdige hadde me vore inne på skadestova i ein time. Då var me passeleg trøytte og leie!
No skal gipsen vera på i to veker, altså til rett over påske, og så skal me tilbake og ta av gipsen, ta nye bilder og eventuelt leggja på ny gips dersom det viser seg at det er brudd.
I morgon tek me fly heim til mormor og morfar for å feira 10-årsdag!
GOD PÅSKE :)
Abonner på:
Innlegg (Atom)








































