torsdag 31. januar 2008

Typisk


Eg klarte sjølvsagt å verta sjuk dagen før eg skal reisa austover i bryllup. Det måtte jo berre skje... Godt eg har te, paracet, fjernsyn og varme tepper.

onsdag 30. januar 2008

Fotbad


Kald i kroppen, snufsete i toppen og føtene i varmt vannbad. Straks på tide å krypa under dyna og la tabletten gjera jobben sin. Eg har nemleg ikkje tid til å verta sjuk no!

lørdag 26. januar 2008

Frokost...



fredag 25. januar 2008

Skulearbeid



onsdag 23. januar 2008

Ettermiddagskaffi


Nokon dagar vaknar ein frisk og opplagd. Nokon dagar skin sola. Og så er det dei dagane der det er vanskeleg å stå opp. Og når ein endeleg har fått kroppen i nokonlunde loddrett stilling finn ein ut at det er regn, og ein kjenner at denne dagen burde ein ha halde senga. Det går desverre ikkje når skulearbeidet ventar. Slike dagar er det godt å komme heim, lage seg ein god kopp cappucino og sige ned i ein stol.

...og jula varer helt til påske...

Vel, ikkje heilt. Men no er det i allefall bestemt at det blir feiring av 10-årsdag hjå mormor og morfar! Me gler oss! :)

lørdag 19. januar 2008

Fattigmannssol


Når nesten alle vindauger vender mot nord er det av og til deilig å låne litt av solstrålane til naboen ;)

torsdag 10. januar 2008

Allergi


Då er allergitesten overstått, og det er klart at eg får allergivaksine! Så no kan eg sjå fram til 7 veker med 1-3 sprøyter i veka, og deretter ei sprøyte annankvar mnd i 3 år! :o

lørdag 5. januar 2008

Straumbrot


Eg rakk akkurat å koke meg havregraut før straumen gjekk. Er også glad for at eg fekk måka ei gong til medan det var gateljos! Denne gonga var det ca 3 cm på flatmark + ca 40 cm på biltaket. Snøen er blitt svært våt og tung i løpet av dei siste timane, så det var god trening. Og det trengde eg! No håpar eg berre at det ikkje vert altfor glatt i morgon...!

Tiddelibom!


Snøstorm! Takk og pris at husverten har snøfresar! Ellers hadde det nok tatt meg mykje lenger tid å måke enn ein time, slik som no!

torsdag 3. januar 2008

Så var det vinter


Fint skiføre i går. I dag er det mest irritasjon over nedsnødd bil og måking av innkjørsel og mangel på måking av veg osv. Nei, det er nok best å senda dei små ut, og så setja seg godt til rette i sofaen med ein kopp te og ei bok og vente på våren!