torsdag 28. februar 2008

Sukkermaurforing


Maur. Inne. Først i gangen, så på kjøkkenet, og no på badet. Herleg! I dag gjekk eg til innkjøp av boksar med maurgift. Det er visst populært, for no er dei fleire som er på tur. I dag tidleg var det nemlig berre ein einsleg speidar på baderomsvasken. No har boksen stått der i snart eit halvt døgn, og det er tydeleg at jungeltelegrafen har gått... Skal bli spennande å fylgja utviklinga!

Kolibri


Raske idémyldringar fører gjerne til artige krittstrekar...

torsdag 21. februar 2008

Plaster på såret


Eg ligg i tannlegestolen og anar fred og ingen fare når det plutseleg droplar sterke ting med sprit i ned i auget mitt! Stolen blir heist opp, og eg blir geleida til vasken. Der får eg vått papir til å vaske auget med, og tørt papir til å tørke slev. Ja, for det skjedde sjølvsagt etter at bedøvelsen byrja å virke, munnen min var stappa full med bomull og eg hadde metall stikkande langt ut! Sjarmerande! Unge herr tannlege unnskylte seg veldig og gav meg denne samlinga med tannkrem og munnskyllevatn som plaster på såret. -Ja, og så eit flaut smil då. LOL.

Gruppearbeid


5 IT-studentar, 5 bærbare PCar og 5 straumforsyningar!

lørdag 16. februar 2008

Straumstans


...så då må mor arbeide manuelt...! I stova spelar gutane 'airhockey' på couronnebordet.

onsdag 13. februar 2008

Heimearbeid


Ein PC med databasearbeid, og ein med film. Veldig greit! :D Lenge sidan eg har sett MI3!

søndag 10. februar 2008

Morsdagsbowling


Moro å bowle etter gamalt. Og med gamalt meiner eg at det er utruleg lenge sidan sist! Og ja, det gjev utslag på resultatlista! Eg blir knust av min kjære, mora, broren og søstera! Jaja. Får øve til neste gong!

onsdag 6. februar 2008

Kveldsmat


Greit å vera på besøk i nærleiken av Pizzabakeren ;)

tirsdag 5. februar 2008

På venterommet


I dag skal eg starte med allergivaksine mot bjørk. Spanande. Godt eg har algoritmeboka å lese i, så slepp er kikke på Aurlieklovnar i to timar!
Eg blir nok godt kjent med venterommet framover, sidan eg skal ha sprøyte kvar veke i 7 veker og deretter annankvar måned i ca 3 år :S.
Eg kryssar fingrane og håpar det er verd både tid og pengar! Det vil tida vise...

fredag 1. februar 2008

Moss


...og mosselukta!

Biltur


Mørkt, vått, kaldt, trafikkert, trøyttande, triveleg, ujevnt osv osv. Håpar det er ei ferje som vil frakte oss over fjorden etter kvart...

Fredagsquiz


Kva for ei matvare har dette på emballasjen?