Fekk telefon frå frøken i går om at lillemann hadde ramla og slått seg på skulen. Henta han på SFO litt etter, og då var han godt opphovna i handa. Ringte legen og fekk komma med ei gong. Han kikka raskt på handa og meinte det var brudd. Så då var det å hoppe i bilen og køyre til sjukehuset for røntgen. Når bildene var tekne, var det å finna seg ein plass på venterommet i akuttmottaket. Der vart me sitjande i to timar, før turnuslegen kom og henta oss. Så var det ca 20 min med tyding av røntgenbilder, konferering med andre legar og sykepleiar, før det endeleg var klart for gipsing. Og det tok jo si tid, sidan første forsøk ikkje gjekk så bra. Så då var det av med gipsen og på med ny. Når dei endeleg vart ferdige hadde me vore inne på skadestova i ein time. Då var me passeleg trøytte og leie!
No skal gipsen vera på i to veker, altså til rett over påske, og så skal me tilbake og ta av gipsen, ta nye bilder og eventuelt leggja på ny gips dersom det viser seg at det er brudd.
I morgon tek me fly heim til mormor og morfar for å feira 10-årsdag!
GOD PÅSKE :)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar