fredag 7. mars 2008

Omplanting


Stakkars småpuslete plantane mine! Dei har blitt oversett og nedprioritert i vinter, så no var det på tide å gje dei litt påfyll. Ja, og så har eg planta gulrøtter. Skal tru om eg klarar å slå fjorårsrekorden i antal og størrelse? -Det skal i allefall ikkje mykje til!

Det er forresten vår her i sør. Dei første vårteikna har alt vore her ei stund nemleg. Eg snakkar sjølvsagt om kløande auger og rennande nase. Men det er likevel deilig å merke at dagane vert ljosare og lengre! :)

Ingen kommentarer: