torsdag 31. desember 2009

Siste dag i 2009


-10 grader, vindstille og sol frå klarblå himmel.
Tok oss ein tur ut for å få litt luft, og oppdaga at det var folk på isen på Hamresanden. Bestemte oss for å ta turen ned me og. Fekk sjå ein nydeleg solnedgang mens me sklei rundt på isen på sko. (Hadde ikkje skøyter i rett størrelse.
I kveld får me hyggeleg besøk, og skal laga kalkun for fyrste gong.
:)

tirsdag 29. desember 2009

Gamle bruksanvisningar

I samband med utviding av husstanden i førjolstida måtte me gå gjennom og kaste gamalt skrot som hadde samla seg opp over lengre tid. Då fann me desse gamle bruksanvisningane. Lo godt då eg kikka gjennom dei og fann bruksanvisinga til den gamle traktorskrivaren mor og far hadde på byrjinga av 1990-talet. Moro!

Arbeidsplass

Når ein sit med akseptansetesting gjeld det å ha oversikt. Då er det kjekt å ha nok tilgjengeleg utstyr ;).

torsdag 17. desember 2009

Innelåst!

Kvar vinterdag er spennande! Særleg for oss som har bil av ikkje-akkurat-nyaste-årgang. I dag er det -7 grader og eit par cm lett snø. Eg hadde ingen problem med å låse opp bilen og komme meg inn for å starte han. Det var værre med dei tre andre dørene. Dei ville verken låsast opp eller åpnast. Så då var det å krype over til passasjersetet og la sjåføren setja seg inn. Me skulle så stoppe ein rask tur på butikken. Då ville heller ikkje førardøra opp. Hverken frå inn- eller utsida. Då var det berre å køyre resten av vegen med full varme og krysse fingrane for at alt var tint til me kom fram. Det gjekk ikkje heilt, men nok til at me kunne skru ned vindauget og åpne frå utsida... Sukk!

onsdag 25. november 2009

!

Då er kontrakta signert og eg er offisielt ansvarleg. Skummelt og veldig kjekt! :)

torsdag 19. november 2009

Snart rapportinnlevering

:o

lørdag 14. november 2009

Heldiggrisane!

Litt småmisunnelig på USA-fararane ;)

onsdag 11. november 2009

Prosjektarbeid

Det byrjar å nærma seg innspurt på ca 5 prosjektrapportar. Det fører til lange dagar med meir eller mindre produktivt gruppearbeid. -Og middag frå kantina. Sukk. Godt det snart er jol...

lørdag 7. november 2009

Ynskjelista

  • Bil
  • Briller/linser
  • Digital kjøkkenvekt
  • Fotoapparat (digital speilrefleks)
  • Garasje
  • God steikepanne med høge kantar
  • Hus
  • Jobb
  • Laptop
  • Massasje
  • Mastergrad
  • Ny tresteikespade
  • Parfyme (Salvador Dalí – Dalissime)
  • Pengar til ny kommode/ar
  • Stort, lilla firkantskjerf
  • Symaskin
  • Trimsykkel
  • Utebelysning

torsdag 29. oktober 2009

Spørreundersøkelse

I dag har eg svart på 40 ulike spørreskjema. Sånn går det når ca 280 studentar fordelt på 40 grupper skal læra å samle inn og tolke data. Håpar alle er ferdige snart så eg får henta våre spørreskjema og byrje å skrive det inn i analyseprogrammet...

tirsdag 27. oktober 2009

Gratulera med dagen!

:)

onsdag 14. oktober 2009

3-årsdag :)

Feirar med middag på Patricks og Inglorious bastards på kino.

torsdag 8. oktober 2009

Dagens sitat

Min kjære son kjeda seg i ettermiddag og ville ha ein kompis å leike med. Han plukka opp telefonen for å ringe kompisen då eg bad han om å heller gå opp til han og ringe på. Det er trass alt ikkje særleg langt. Sonen min syns det var unødvendig og dumt i tilfelle han ikkje var heime, medan eg påpekte at han då i allefall ville få seg ein spasertur.
Responsen kom ganske så kontant:

"Mamma - vi ække sånn nå til dags..."

onsdag 16. september 2009

torsdag 20. august 2009

Seiling

Masterstudentane på bli-kjent-tur i seilbåt i lett tordenvær. Kjekt

fredag 14. august 2009

Vamp

Konsert m Vamp på birkeland :)

lørdag 18. juli 2009

Bær!
























På slike flotte sommardagar er det deilig å bu så nær skogen - sjå berre kva ein kan plukka med seg på veg heim. Eg plukka villbringebær i oppkjørselen, og D plukka blåbær på veg heim frå badetur. No er all fangsten foredla slik at den kan nytast utover seinsommaren! Det smakte utruleg godt med heimesnekra blåbærsyltetøy på heimesnekra pannekaker til kvelds :D. I morgon vert det truleg innkjøp av bærplukkar, og så ein liten svipptur opp i skauen!

torsdag 16. juli 2009

Sykkeltur

Sykkeltur til skulen for å aktivisera to gutar som har site inne mesteparten av dagen. Tok med fotball, frisbee, monstertennis og drikke, så då kan gutane halde på ei stund medan eg sit og nyt kveldssola...

onsdag 15. juli 2009

Venting

Det er sommar og ferie, og sjølvsagt kjem elektrikaren kl 8 om morgonen for å fikse sikringsskapet! Takk og pris for kaffi, kryssord og ein god sofa!

mandag 13. juli 2009

Nok ein sommarkveld

Sit på benken i kveld igjen. Sola er på veg ned og eg er i tenke- og drøymehumør. I stad kom ei mus pilande ned skråninga og forsvann under terrassen. Første gong eg har sett det her. Fasinerande kor raske dei er! Best å halde døra lukka slik at eg slepp å finna fram fellene att! Trur forresten eg skal hente meg ein kopp kaffi og eit kryssord...

søndag 12. juli 2009

Sommarkveld




















Har gått ein liten kveldstur i nabolaget, og sit no med ein handfull villbringebær frå hagen og ser på den flotte solnedgangen. Har det i grunnen veldig greit! :)

fredag 10. juli 2009

Heimetrening er billigare enn fysioterapi når ein allerede har dei rette hjelpemidla i hus :D

Teste blogging via epost frå mobil

Dette er ein aldri så liten test :)

onsdag 27. mai 2009

Del 1 overståt



fredag 15. mai 2009

:D


Har investert i "godis" i dag! Litt mjukt enno, men det er godt likevel. Gler meg til å ha spekjekjøt til grauten på laurdagane framover! :D

tirsdag 12. mai 2009

Tulipanblomstring


Kjekt å komma heim til blomstrande bed, men syns godt dei kunne ha venta ei lita veke med å blomstre av...

søndag 10. mai 2009

Søndagskos!



fredag 8. mai 2009

Endeleg!


Då var bacheloroppgåva endeleg levert!

lørdag 25. april 2009

lørdag 18. april 2009

Vår!


Det er laurdag, det er fri, det er sol og varmt nok til å ta kosen på terrassen :D! Herleg!

mandag 13. april 2009

Snille mamsen!


Eg reiste heim på jolaferie med holete tjukkelabbtøfler. No fekk eg dei tilbake ferdig bøtte :D. Tusen takk kjære mor! No er eg varm på føtene att!

Heimtur


Viktig med eh... god niste når ein er på langtur... :s

lørdag 11. april 2009

Barnevakt


Det er ikkje noko problem å vera barnevakt når barnet søv, sola skin, og ein kan sitje i ein stol og slappe av! :D

tirsdag 7. april 2009


Ynghurtkvelds i bilen 5,50
Ny smokk 49,50
Diesel 546,35
Trøytt mor som prøver å skru av langlysa men som tutar med hornet istaden - priceless!

Harrytur!


Tok ein kveldsharrytur til Charlottenberg i dag. Ikkje så voldsom handling, grunna liten og relativt full frysar! Smågutane sovna i bilen på veg heimatt. Jaja.

Påskeferie


Moste og S er på tur i påskesola! Passeleg varmt og nesten vindstille. Moste har i natt fungert som vogge, smokkeiputtar og madrass. :)

søndag 29. mars 2009

Laurdagskos


Sjokolade og ostepop til dei små, og ost og kjeks til dei store. Deilig!

mandag 16. mars 2009

11-årsdag!

I dag fyller poden 11 år. Skummelt kor fort tida går!
Det heile måtte sjølvsagt feirast litt i går. Eg hadde fått streng beskjed om å bake favorittkaka, så då var det ingen veg utanom. Og det var tydeleg at den fall i smak - slik såg kaka ut relativt kort tid etter at den vart sett på bordet.















-Kven som var der? Eg og poden. Og nei, eg åt ikkje meir enn 2 kakestykker. Heilt sant! Men poden hadde av ein eller annan grunn litt vondt i magen då han hoppa til køys... Likevel bestilte han frokost på senga: "Æ vil ha nugattiskive, kakestykke og cola, OK?"

onsdag 11. mars 2009

Feiring!


Då er siste skriftlege eksamen noen sinne (?) overstått :D

tirsdag 10. mars 2009

Partytriks


:D

søndag 8. mars 2009

Kaktusblomstring


:)

mandag 16. februar 2009

:D



fredag 13. februar 2009

Kaktusknoppar!


Jippi! Eg gler meg! :D

søndag 8. februar 2009

Vinter!


Endeleg ein strålande vinterdag på sørlandet!

God morsdag! :D

onsdag 4. februar 2009



torsdag 29. januar 2009

Flinke joggesko


Desse fire skoa har vore ute på joggetur i kveld.

Kjekt verktøy



lørdag 24. januar 2009

Laurdagskos


Nammis! :D

torsdag 22. januar 2009

....


Dagens beste start på ein setning: "Jeg trenger ny tannkost, for da jeg skulle dusje i går hadde jeg ikke mer shampo...". Haha

tirsdag 20. januar 2009

Avising


Om det vert mest av-ising eller avis-ing er eg faktisk ikkje heilt sikker på, men at det trengdest er i allefall sikkert. Det har vore stor trafikk i frysen den siste veka, og truleg har den stått på gløtt ei stund. I ettermiddag oppdaga eg at frysardøra ikkje gjekk heilt att, og at det som låg ytterst hadde byrja å smelta. Då var det berre ein ting å gjera, nemleg å dra fram papirboset og byrja å pakka inn frosen mat i gamle aviser. Utruleg kor mykje det er plass til i kjøleskåpet mitt! - Og utruleg deilig å få kasta gamalt rask som berre tek plass...

tirsdag 13. januar 2009

Snill son/hobbykokk


Eg er kjempeheldig! I dag kom eg nemleg heim til ferdiglaga pannekakerøre! Det var utruleg deilig etter å ha hatt ein ekstra lang dag på skulen.

fredag 9. januar 2009

Nissefest


Avskjedsfest på stovebordet for smånissane. "Sjåast att til jol!"

onsdag 7. januar 2009

Solnedgang


Stilig!