
Om det vert mest av-ising eller avis-ing er eg faktisk ikkje heilt sikker på, men at det trengdest er i allefall sikkert. Det har vore stor trafikk i frysen den siste veka, og truleg har den stått på gløtt ei stund. I ettermiddag oppdaga eg at frysardøra ikkje gjekk heilt att, og at det som låg ytterst hadde byrja å smelta. Då var det berre ein ting å gjera, nemleg å dra fram papirboset og byrja å pakka inn frosen mat i gamle aviser. Utruleg kor mykje det er plass til i kjøleskåpet mitt! - Og utruleg deilig å få kasta gamalt rask som berre tek plass...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar