mandag 16. mars 2009

11-årsdag!

I dag fyller poden 11 år. Skummelt kor fort tida går!
Det heile måtte sjølvsagt feirast litt i går. Eg hadde fått streng beskjed om å bake favorittkaka, så då var det ingen veg utanom. Og det var tydeleg at den fall i smak - slik såg kaka ut relativt kort tid etter at den vart sett på bordet.















-Kven som var der? Eg og poden. Og nei, eg åt ikkje meir enn 2 kakestykker. Heilt sant! Men poden hadde av ein eller annan grunn litt vondt i magen då han hoppa til køys... Likevel bestilte han frokost på senga: "Æ vil ha nugattiskive, kakestykke og cola, OK?"

Ingen kommentarer: