onsdag 19. november 2008
Volumknapp, jatakk!
Det er ganske utruleg. Og forferdeleg irriterande. Det er nesten grunn nok til å kjøpe ny. I allefall når eg aldri har snøring på om den vil gje lyd frå seg eller ikkje.
Eg snakkar om den bærbare PCen min sjølvsagt. Og det faktum at den ikkje har volumknapp. Eller muteknapp. Eller i det minste ein høgtalar ein kan dekke til med ei hand eller noko. Neidå. Det ville vore for enkelt.
Det er sjølvsagt mykje meir fornuftig å måtte åpne hovedvolummenyen eller klikke på volumikonet. Du veit, det heilt nederst i høgre hjørne på skjermen din som du ikkje ser eller får gjort noko med før du har starta maskinen og logga deg inn og høyrt på den fantastisk høge velkomstvignetten som skingrar ut av høgtalarane, og som du heilt gløymde å merke av 'mute' på etter at du såg på film med fullt volum i går. Det er vel meir enn ei gong eg har prøvd å dekke til heile framsida av PCen med underarmen i eit forsøk på i det minste å dempe lyden når eg sit i timen og er litt sein med å komme i gang. Eg sjønar ikkje at det i det heile teke er mogeleg å laga ein PC utan ein eller annan måte å skru av lyden UTAN å vera logga inn! Og JA, eg BÅDE sjekka over og under og bak og på sida av PCen, OG om det er ein lur tastekombinasjon som kan brukast. – Og NEI, eg har IKKJE FUNNE DET! Ikkje eingong mine kjære studiekameratar har klart å finne ein lur måte å gjere det på, så eg har gitt opp. Ikkje PCen altså, men det å vera lydlaus. Det er uansett ikkje mogeleg med den traktorvifta som durar under tastaturet. Den får jo ikkje fri stakkar, så heit som PCen min er! Stakkar vesle overarbeida PC utan volumknapp.
(For dykk som har litt tungt for det: Ja, eg ynskjer meg volumknapp til jol!)
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar