lørdag 18. juli 2009

Bær!
























På slike flotte sommardagar er det deilig å bu så nær skogen - sjå berre kva ein kan plukka med seg på veg heim. Eg plukka villbringebær i oppkjørselen, og D plukka blåbær på veg heim frå badetur. No er all fangsten foredla slik at den kan nytast utover seinsommaren! Det smakte utruleg godt med heimesnekra blåbærsyltetøy på heimesnekra pannekaker til kvelds :D. I morgon vert det truleg innkjøp av bærplukkar, og så ein liten svipptur opp i skauen!

torsdag 16. juli 2009

Sykkeltur

Sykkeltur til skulen for å aktivisera to gutar som har site inne mesteparten av dagen. Tok med fotball, frisbee, monstertennis og drikke, så då kan gutane halde på ei stund medan eg sit og nyt kveldssola...

onsdag 15. juli 2009

Venting

Det er sommar og ferie, og sjølvsagt kjem elektrikaren kl 8 om morgonen for å fikse sikringsskapet! Takk og pris for kaffi, kryssord og ein god sofa!

mandag 13. juli 2009

Nok ein sommarkveld

Sit på benken i kveld igjen. Sola er på veg ned og eg er i tenke- og drøymehumør. I stad kom ei mus pilande ned skråninga og forsvann under terrassen. Første gong eg har sett det her. Fasinerande kor raske dei er! Best å halde døra lukka slik at eg slepp å finna fram fellene att! Trur forresten eg skal hente meg ein kopp kaffi og eit kryssord...

søndag 12. juli 2009

Sommarkveld




















Har gått ein liten kveldstur i nabolaget, og sit no med ein handfull villbringebær frå hagen og ser på den flotte solnedgangen. Har det i grunnen veldig greit! :)

fredag 10. juli 2009

Heimetrening er billigare enn fysioterapi når ein allerede har dei rette hjelpemidla i hus :D

Teste blogging via epost frå mobil

Dette er ein aldri så liten test :)