mandag 13. juli 2009

Nok ein sommarkveld

Sit på benken i kveld igjen. Sola er på veg ned og eg er i tenke- og drøymehumør. I stad kom ei mus pilande ned skråninga og forsvann under terrassen. Første gong eg har sett det her. Fasinerande kor raske dei er! Best å halde døra lukka slik at eg slepp å finna fram fellene att! Trur forresten eg skal hente meg ein kopp kaffi og eit kryssord...

Ingen kommentarer: