torsdag 31. desember 2009

Siste dag i 2009


-10 grader, vindstille og sol frå klarblå himmel.
Tok oss ein tur ut for å få litt luft, og oppdaga at det var folk på isen på Hamresanden. Bestemte oss for å ta turen ned me og. Fekk sjå ein nydeleg solnedgang mens me sklei rundt på isen på sko. (Hadde ikkje skøyter i rett størrelse.
I kveld får me hyggeleg besøk, og skal laga kalkun for fyrste gong.
:)

tirsdag 29. desember 2009

Gamle bruksanvisningar

I samband med utviding av husstanden i førjolstida måtte me gå gjennom og kaste gamalt skrot som hadde samla seg opp over lengre tid. Då fann me desse gamle bruksanvisningane. Lo godt då eg kikka gjennom dei og fann bruksanvisinga til den gamle traktorskrivaren mor og far hadde på byrjinga av 1990-talet. Moro!

Arbeidsplass

Når ein sit med akseptansetesting gjeld det å ha oversikt. Då er det kjekt å ha nok tilgjengeleg utstyr ;).

torsdag 17. desember 2009

Innelåst!

Kvar vinterdag er spennande! Særleg for oss som har bil av ikkje-akkurat-nyaste-årgang. I dag er det -7 grader og eit par cm lett snø. Eg hadde ingen problem med å låse opp bilen og komme meg inn for å starte han. Det var værre med dei tre andre dørene. Dei ville verken låsast opp eller åpnast. Så då var det å krype over til passasjersetet og la sjåføren setja seg inn. Me skulle så stoppe ein rask tur på butikken. Då ville heller ikkje førardøra opp. Hverken frå inn- eller utsida. Då var det berre å køyre resten av vegen med full varme og krysse fingrane for at alt var tint til me kom fram. Det gjekk ikkje heilt, men nok til at me kunne skru ned vindauget og åpne frå utsida... Sukk!