torsdag 17. desember 2009
Innelåst!
Kvar vinterdag er spennande! Særleg for oss som har bil av ikkje-akkurat-nyaste-årgang. I dag er det -7 grader og eit par cm lett snø. Eg hadde ingen problem med å låse opp bilen og komme meg inn for å starte han. Det var værre med dei tre andre dørene. Dei ville verken låsast opp eller åpnast. Så då var det å krype over til passasjersetet og la sjåføren setja seg inn. Me skulle så stoppe ein rask tur på butikken. Då ville heller ikkje førardøra opp. Hverken frå inn- eller utsida. Då var det berre å køyre resten av vegen med full varme og krysse fingrane for at alt var tint til me kom fram. Det gjekk ikkje heilt, men nok til at me kunne skru ned vindauget og åpne frå utsida... Sukk!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar