lørdag 25. desember 2010

Jolestemning på Voss



Alt vel.
Send fleire druer.

søndag 12. desember 2010

Braaaains

lørdag 11. desember 2010

Ynskjeliste jola 2010

Om nokon skulle lura på kva me ynskjer oss til jol, så har me laga ei lita liste :)
(Ynskjelista vert oppdatert etter kvart. Sjekk dato for siste endring nederst i innlegget.)

Pernille
  • Lue
  • Kamerastativ (tripod)
  • Parfyme (Salvador Dalí – Dalissime)
  • Stort, lilla firkantskjerf
  • Symaskin
  • Trimsykkel el likn.
  • Gryte (2liter, 16cm)
  • Tjukkelabbar
  • Bodylotion
 Sonen
  • IPod Touch
  • Laptop
  • Penger til skateboard/hjelm
  • Penger til lue
  • Pysjamas
  • Superundertøy (stilongs og trøye)
  • Lydbok, Poirot
Mannen
  • Skikkelige spisepinner i metall
  • Skikkelig minnepinne (32/64Gb)
  • Fonduesett
(Oppdatert 12.12.2010)

      torsdag 9. desember 2010

      Jolestemning

      No byrjar det jammen å bli jolestemning på jobb. :) Det hjelper med joletre, sjokoladekalender og klementiner ;)

      onsdag 17. november 2010

      Ein heilt vanleg dag på jobben

      Fekk utdelt kjærlighet på pinne i dag, og det vart hengt opp ballonger rundt om på avdelingane. I tillegg er det i desse dagar Tekkenturnering ca 5 meter rett fram. Jadda, ein heilt vanleg onsdag.

      tirsdag 9. november 2010

      Geriljabroderi

      Har sydd og gitt vekk eit nytt geriljabroderi. Syns det blei fint, eg....
      (Men fekk ikkje til å snu bildet her, gitt.... ;)

      Nytt dusjkabinett

       Det vart ikkje så gale som frykta. Det vart faktisk nesten bra :) Sonen fekk innvia det i går, og er svært imponert! :)

      fredag 5. november 2010

      Har fått eit par kommentarar for pulten min på jobb. Får rydde litt bak skjermane på mandag tenkjer eg...

      Dusj

      Fann ein begynnande sprekk i golvbelegget ved sluken i dusjen før sommaren. No i haust merka me at det var blitt hol, og no var det visst på tide å fikse det. Er litt lei oss for at dei har fjerna dusjhjørnet og skal setta inn kabinett.

      mandag 6. september 2010

      Handarbeid

      Har forresten byrja å brodere litt korrsting att etter gamalt. Moro!

      :D

      lørdag 28. august 2010

      Oppdatert ynskje-/hugseliste

      Fann ut eg måtte oppdatere ynskjelista mi slik at eg kan hugse kva eg har fått/kjøpt og ikkje...

      • Bil
      • Briller/linser
      • Digital kjøkkenvekt
      • Fotoapparat (digital speilrefleks)
      • Garasje
      • God steikepanne med høge kantar
      • Hus
      • Jobb
      • Kamerastativ (tripod)
      • Laptop
      • Massasje
      • Mastergrad
      • Ny (flyttbar)harddisk til backup av bilder
      • Ny tresteikespade
      • Parfyme (Salvador Dalí – Dalissime)
      • Pengar til ny kommode/ar
      • Stort, lilla firkantskjerf
      • Symaskin
      • Trimsykkel
      • Utebelysning

      Tøffe knaggar

      Var og prøvde kle på Sørlandssenteret i dag, og måtte berre ta bilete av desse fantastisk tøffe knaggane i prøverommet. Kjempestilige :)

      mandag 16. august 2010

      Mandig mat...?


      Måtte ta bilde då mannen hadde laga (les: tint :p ) seg sushimiddag. Flirte godt av den rosa fisken og dei søte skålene han hadde funne fram, hehe ;-)

      mandag 2. august 2010

      Briller med vinger...

      Eg er nesten stolt. Eg burde nok heller vore flau, men eg har i allefall spart ein del kroner. I staden for å kjøpe linser eller solbriller med styrke (som jo er dyrt begge delar) har eg brukt ein femtilapp på eit par lekre clip-ons. No kan eg faktisk køyre bil i strålande solskin utan å måtta velja om eg skal sjå klart eller klara å halda augene oppe over lengre periodar. Det er truleg også slutt på nødløysinga med solbriller utanpå vanlege briller - og stresset med å få dei frå kvarandre på veg inn i tunnelar - og stresset med å få dei til å henge på på veg ut av tunnelar. Herleg!



      PS. Berre for å gjera det heilt klart: Når eg ikkje køyrer bil nøyer eg meg med vanlege solbriller - det er trass alt ikkje _så_ viktig å kjenne folk att på meir enn eit par meters hald...? DS.

      søndag 1. august 2010

      Artig notis

      Herleg notis i avisa i sommar:
      "Bringebæra er mogne, men køyrer ikkje til Voss i år."

      -Snakk om late bringebær!

      Båttur og makrellfiske :)

      Har vore på overnattingsbesøk på campinghytta til Systo m/fam i Tregde. I dag tok me oss ein liten båttur. Litt kjølig når sola gøymde seg, men ellers bra.

      Fint :)

      Svogeren fekk ein liten sei, medan mannen (med pittelitt hjelp frå meg) fekk fire makrellar! Tipp kva me hadde til middag i dag? :-)

      Ja, og så fekk eg sett noko eg som landkrabbe ikkje hadde sett før: Fotoboks til sjøs!
      Først eit fotoboksskilt....
      ...så ein fotoboks! :D

      mandag 12. juli 2010

      Ny bil!

      Volvo V50, 2007
      :D

      onsdag 7. juli 2010

      Sommar og kortreiste jordbær!

      Nam! :D

      tirsdag 29. juni 2010

      Optimismen lenge leve!

      Var i dag på lagersalg i Sørlandsparken. Fekk oss eit fint og behageleg sett med utemøblar til ein grei pris. Alt vel så langt.

      Så var det å bæra alt ut på parkeringsplassen til den ventande bilen. Fine bilen som har plass til ALT! Trudde me. Eventuelt så ignorerte me alle tankar om at det berre er ein liten Polo og at den eigentleg ikkje har _så_ god plass. Me var i allefall førebudde på å måtta ta fleire turar for å få alt med.  Men det var ganske så irriterande å oppdage at det var to små cm som utgjorde skilnaden på om me fekk stolane inn i bilen eller ikkje, og dermed mellom to og tre turar. Me fekk i allefall bordet og putene greit inn, og mannen køyrde føste turen medan madammen sette seg godt til rette i ein av stolane med laptopen på fanget. Fekk mange smil og nokre kommentarar ja...
      Vurderte fleire muligheiter når det gjaldt å frakte stolane og benken. Ikkje har Poloen tilhengjarfeste, ikkje har han takgrind, og ikkje gadd me bruka mykje pengar og godvilje på å låne bil og hengar osv osv. Så til tur to hadde mannen fått med seg eit par lastestropper og eit tau. Ein treng då ikkje takgrind når bilen skranglar i alle baugar og kantar likevel? Neida, det er berre å leggja benken på taket, stappe ein stol oppi, stramme godt og køyre i veg. Funka som ei kule!
      ..og mens mannen køyrde tur nummer to var det for madammen å dra opp att laptopen, finne fram høyretelefonar, og setje seg godt til rette og sjå på film. Tredje turen fekk både madammen og siste stolen vera med heim. 

      Syns i grunnen det vart ganske fint, men det blir nok enno finare med puter på plass. (Det byrja å regne då me kom heim, så valde å ikkje leggja dei ut i dag ;) Gler meg verkeleg til å bruka det! - Og ikkje minst til å kasta dei gamle, morkne og ikkje-fullt-så-kvite-som-dei-opprinneleg-var-plastmøblane!!!
      No er det klart for sommarkos! -Nokon som vil komme og prøvesitje...? ;-)

      søndag 27. juni 2010

      ...og ein til!

      Me fekk plass, men no er det ikkje så mykje golvplass att, gitt...

      torsdag 24. juni 2010

      Stor stol!

      Er veldig spent på om me klarar å få plass til den andre...

      fredag 4. juni 2010

      Sommarferie!

      Då er siste rapport levert, 8 timar før fristen, og det er sommarferie frå studiane! Heilt fantastisk deilig! Denne dagen går eg sett fram til i 5 månader! No blir det god middag og film! :D

      torsdag 20. mai 2010

      Årets første grillmiddag

      Strålande sol, lite vind, og opp mot 30 grader i skuggen! Godt eg hadde sommarklea klare :)


      onsdag 19. mai 2010

      Forsmak på sommar!

      Klokka er ti om kvelden og eg sit ute i kortarma topp og nyt stilla. Herleg! Ser verkeleg fram til sommaren no.

      tirsdag 18. mai 2010

      Nøkkeloppdatering

      Onkel politi viste seg å vera travelt opptatt, så sidan det vaaaarte og rakk utan at dei hadde tid til å hjelpa meg måtte eg bita i det sure eplet og kjøpa meg hjelp. Jaja. Sånn går det når ein er trøytt og litt småstressa....

      Nøklar

      Det er ein nydeleg dag å stå på utsida av den låste bilen min og kikke inn på nøklane som står i tenninga... Onkel politi skal heldigvis hjelpe meg. Når han har tid. I mellomtida får eg lov til å nyte maisol og sjå på travle studentar som kjem og går...

      mandag 17. mai 2010

      Tillukka med dagen!

      Sidan dette er dagen for korps og masjering, og sidan me sit inne og kosar oss (les: spelar, et og les til eksamen) i staden for å pressa oss inn i trange kle og bli våte og kalde i det ikkje så altfor fine vêret, syns eg denne vesle videosnutten passa bra.. ;)



      Ha ein strålande 17.mai! :)

      onsdag 12. mai 2010

      Snart innlevering

      Det nærmar seg eksamenar og innleveringar. Litt irriterande at det då er fullt på alle grupperom slik at ein endar opp med å gjere gruppearbeid i kantina.

      lørdag 17. april 2010

      Nerdesko

      Kanskje det var slike sko eg skulle hatt?

      Crazy Boots - The Mother(Board) Of All Heels

      Og gutane kunne hatt slike..

      torsdag 1. april 2010

      Påske og slalom :)

      Kan ikkje hugsa å ha vore innom skiutleiga på Hanguren før. Fasinerande!


      Er veldig glad for at sonen endeleg fekk prøva seg i slalomløpene! Trur jammen han likte det, gitt. Tok eit par turar på Hanguren for å kjenne litt på ski og støvlar før det bar bort til Slettafjellet og T-trekka. Er svært imponert over poden!

       

      Eg har ikkje vore på "Fjellet" på maaaaange år, så for meg vart reine mimreturen! Har vore på kveldskøyring her meir enn ei gong, gitt...!

      torsdag 25. mars 2010

      Slalomutstyr

      Investerte i dag i slalomsko og -ski til dei to vaksne.
      Dette blir bra :)

      onsdag 24. mars 2010

      Så e det på an igjen...

      Årets første pollenvarsel:


      I dag er visst første dagen med fare for pollen i lufta, og det er berre å gjera seg klar for ca eit halvår med moro!

      søndag 21. mars 2010

      Snart påske

      9 grader i skyggen, strålande sol frå blå himmel, eit og anna vindpust, barnefri og tjuvstart på årets påskekrim. :)

      tirsdag 16. mars 2010

      Snøhulesmelting

      lørdag 13. mars 2010

      Nydelege Hamresanden!

      tirsdag 9. mars 2010

      Post

      Det har vore interessant å hente posten i vinter. Nokon dagar har ikkje postmannen klart kome fram til postkassa, mens andre dagar har posten vore gjennomvåt på grunn av snø i postkassa. Det aller mest 'interessante' har likevel vore snøen på brøytekanten inn mot postkassa som etter kvart snøfall har blitt farga gul. Det har vore spesielt kjekt sidan eg ikkje har brøyta vegen inn til postkassa breiare enn absolutt nødvendig. No når snøen har byrja å smelte har det også dukka opp andre bevis på at det har tusla firbeinte rundt i området. Jaudå, det gjer i allefall at eg får trent balanse på veg frå og til postkassa, men eg er ikkje særleg imponert over dei tobeinte som trass alt har ansvar for sine firbeinte vener!

      søndag 7. mars 2010

      Skitur

      2,5 varmegrader og strålande sol frå ein knallblå himmel. Då MÅ ein ut. I allefall ein liten tur. Kom meg rundt lysløypa (ca 3km) i passeleg turfart. Deilig. :)

      mandag 1. mars 2010

      Gratulera med dagen! :)

      Gratulera så masse med 1-årsdagen, lille venn :)

      lørdag 27. februar 2010

      Nye kommodar

      Var på IKEA i Oslo i januar og kjøpte kommodar både til gangen og soveromma. Var tenkt å køyre sjølv, men grunna frykta for kombinasjonen "altfor-mange-og-tjue kuldegrader i aust" og "humørsjuk bil frå forrige årtusen" vart det bestemt at me heller skulle ta tog. Difor fekk me ikkje kommodane før i midten av februar, men då saman med snilt og kjekt austlandsbesøk. :)
      Venta med montering av kommodane til besøket var reiste. Brukte fort nokre timar på montering og plassering av alle kommodane, gitt. Men me hadde det veldig moro, både liten og stor! (Tja, me er vel kanskje litt rare sånn?) Minstemann monterte forresten mykje av sin eigen kommode sjølv. Stas!
      No er nesten alle skuffene fylte (16 store og to små), utan at eg kan sjå at det har hjulpe så veldig mykje med tanke på rot i resten av husværet. Men eg må uansett sei meg einig med min kjære sambuar i at det no ser meir ut som ein skikkeleg gang.
      Syns likevel det manglar noko å ha på veggen over kommodane. Kanskje ein ny spegel, eller eit fint bilete?
      -Ser også at ein ny blomst nok hadde gjort seg, hehe...!