lørdag 30. januar 2010
Ny hobby i heimen
Det er ikkje lenge sidan eg ikkje visse kva fingerboard var for noko. No har me 4 fingerboard og ein rampe i heimen.
For dykk som enno ikkje veit kva det er, har de no sjansen til å sjå ein liten YouTube-snutt me sette saman før leggetid her i kveld. -Og om eg ikkje tek feil kjem det vel fleire snuttar etter kvart som guten lærer seg å redigera videoar sjølv ;)
tirsdag 26. januar 2010
Fantastisk gåve!

Eg har fått verdens tøffaste salatbestikk i gåve frå verdens snillaste son i dag! Fantastisk! Gler meg kjempemasse til å servera salat med dei! :)
fredag 8. januar 2010
Togtur
Ein kjedar seg ikkje så mykje på lange togturar når ein har kortstokk, PSP og snop! Gler oss til å besøka slekt på det iskalde austlandet :)
mandag 4. januar 2010
Is på Topdalsfjorden
Her er beviset på at det har vore kaldt ei stund i Kristiansand:
http://www.fvn.no/lokalt/kristiansand/article730237.ece
Gutane har vore på isen ein del timar i løpet av dei siste dagane. Trur dei har kost seg!
http://www.fvn.no/lokalt/kristiansand/article730237.ece
Gutane har vore på isen ein del timar i løpet av dei siste dagane. Trur dei har kost seg!
fredag 1. januar 2010
Godt nyttår!! :)
Gutane heldt på frå litt over 11 til litt ca halv 2 med med kinaputtar og anna småtteri som seier pang og fresar rundt.
Naboane hadde også fyrverkeri. Me lurar på kor mange tusen som gjekk opp der i løpet av kvelden...
...og slik såg det ut då me damene gjekk inn att..:

Godt nyttår!!! :)
Naboane hadde også fyrverkeri. Me lurar på kor mange tusen som gjekk opp der i løpet av kvelden...
...og slik såg det ut då me damene gjekk inn att..:

Godt nyttår!!! :)
Abonner på:
Innlegg (Atom)
