lørdag 27. februar 2010

Nye kommodar

Var på IKEA i Oslo i januar og kjøpte kommodar både til gangen og soveromma. Var tenkt å køyre sjølv, men grunna frykta for kombinasjonen "altfor-mange-og-tjue kuldegrader i aust" og "humørsjuk bil frå forrige årtusen" vart det bestemt at me heller skulle ta tog. Difor fekk me ikkje kommodane før i midten av februar, men då saman med snilt og kjekt austlandsbesøk. :)
Venta med montering av kommodane til besøket var reiste. Brukte fort nokre timar på montering og plassering av alle kommodane, gitt. Men me hadde det veldig moro, både liten og stor! (Tja, me er vel kanskje litt rare sånn?) Minstemann monterte forresten mykje av sin eigen kommode sjølv. Stas!
No er nesten alle skuffene fylte (16 store og to små), utan at eg kan sjå at det har hjulpe så veldig mykje med tanke på rot i resten av husværet. Men eg må uansett sei meg einig med min kjære sambuar i at det no ser meir ut som ein skikkeleg gang.
Syns likevel det manglar noko å ha på veggen over kommodane. Kanskje ein ny spegel, eller eit fint bilete?
-Ser også at ein ny blomst nok hadde gjort seg, hehe...!

mandag 22. februar 2010

Brrrr

Kaldt på masterlaben i dag. -10 ute, og det kjennest ikkje ut som det er så mykje meir her inne. Sit med jakka på, men fingrane og nasen er fortsatt iskalde. :(
Godt det snart er lunchtid slik at eg kan få i meg litt varm suppe eller noko slikt.

søndag 21. februar 2010

Bil igjen


Slik går det også an å starte ein bil...
Det er kanskje ikkje den mest vanlege (eller mest praktiske) måten å gjera det på, men for oss med humørsjuke bilar frå forrige århundre er det enkelte vinterdagar ein rett og slett ikkje kjem utanom litt klatring. Dette har resultert i mange artige måtar å komme seg inn og på plass i førarsetet. (Når ein tenkjer på det i ettertid i allefall.) -Det er forresten godt dørene byter litt på å vera kjipe, slik at ein får prøvd ut ulike måtar å komme seg inn (og ut!) på! (Små passasjerar kan t.d. bruke vindaugo osv.)
Akkurat denne bilstartposituren hadde eg derimot ikkje sett før, og tenkte difor eg måtte dokumentera den. I dag (som i går) hadde nemleg døråpnemekanismen i begge framdørene frose slik at dørene kunne låsast opp, men ikkje åpnast. Men så lenge ein kjem seg inn via bagasjerommet (og det gjer ein stort sett, dersom ikkje det er is i låsen - jmf i går) får ein som oftast opp ei bakdør ein kan bruke fram til framdørene er tinte..

Herleg!

fredag 19. februar 2010

Fredagskveld

Kva er vel betre å finna på ein småkald fredagskveld enn å reinstallere stove-PCen? Med musikk på kontor-PCen, blogging og surfing på laptopen, ostepop, sjokolade og eit stort glas med cola ved sida av meg på golvet er det duka for fredagskos. Skal bli deilig å kunne sjå filmar og nett-TV på ein ikkje-fullt-så-treg-PC.