
Var på IKEA i Oslo i januar og kjøpte kommodar både til gangen og soveromma. Var tenkt å køyre sjølv, men grunna frykta for kombinasjonen "altfor-mange-og-tjue kuldegrader i aust" og "humørsjuk bil frå forrige årtusen" vart det bestemt at me heller skulle ta tog. Difor fekk me ikkje kommodane før i midten av februar, men då saman med snilt og kjekt austlandsbesøk. :)
Venta med montering av kommodane til besøket var reiste. Brukte fort nokre timar på montering og plassering av alle kommodane, gitt. Men me hadde det veldig moro, både liten og stor! (Tja, me er vel kanskje litt rare sånn?) Minstemann monterte forresten mykje av sin eigen kommode sjølv. Stas!
No er nesten alle skuffene fylte (16 store og to små), utan at eg kan sjå at det har hjulpe så veldig mykje med tanke på rot i resten av husværet. Men eg må uansett sei meg einig med min kjære sambuar i at det no ser meir ut som ein skikkeleg gang.
Syns likevel det manglar noko å ha på veggen over kommodane. Kanskje ein ny spegel, eller eit fint bilete?
-Ser også at ein ny blomst nok hadde gjort seg, hehe...!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar