Det har vore interessant å hente posten i vinter. Nokon dagar har ikkje postmannen klart kome fram til postkassa, mens andre dagar har posten vore gjennomvåt på grunn av snø i postkassa. Det aller mest 'interessante' har likevel vore snøen på brøytekanten inn mot postkassa som etter kvart snøfall har blitt farga gul. Det har vore spesielt kjekt sidan eg ikkje har brøyta vegen inn til postkassa breiare enn absolutt nødvendig. No når snøen har byrja å smelte har det også dukka opp andre bevis på at det har tusla firbeinte rundt i området. Jaudå, det gjer i allefall at eg får trent balanse på veg frå og til postkassa, men eg er ikkje særleg imponert over dei tobeinte som trass alt har ansvar for sine firbeinte vener!