Strålande sol, lite vind, og opp mot 30 grader i skuggen! Godt eg hadde sommarklea klare :)
torsdag 20. mai 2010
onsdag 19. mai 2010
Forsmak på sommar!
Klokka er ti om kvelden og eg sit ute i kortarma topp og nyt stilla. Herleg! Ser verkeleg fram til sommaren no.
tirsdag 18. mai 2010
Nøkkeloppdatering
Onkel politi viste seg å vera travelt opptatt, så sidan det vaaaarte og rakk utan at dei hadde tid til å hjelpa meg måtte eg bita i det sure eplet og kjøpa meg hjelp. Jaja. Sånn går det når ein er trøytt og litt småstressa....
Nøklar
Det er ein nydeleg dag å stå på utsida av den låste bilen min og kikke inn på nøklane som står i tenninga... Onkel politi skal heldigvis hjelpe meg. Når han har tid. I mellomtida får eg lov til å nyte maisol og sjå på travle studentar som kjem og går...
mandag 17. mai 2010
Tillukka med dagen!
Sidan dette er dagen for korps og masjering, og sidan me sit inne og kosar oss (les: spelar, et og les til eksamen) i staden for å pressa oss inn i trange kle og bli våte og kalde i det ikkje så altfor fine vêret, syns eg denne vesle videosnutten passa bra.. ;)
Ha ein strålande 17.mai! :)
Ha ein strålande 17.mai! :)
onsdag 12. mai 2010
Snart innlevering
Det nærmar seg eksamenar og innleveringar. Litt irriterande at det då er fullt på alle grupperom slik at ein endar opp med å gjere gruppearbeid i kantina.
Abonner på:
Innlegg (Atom)




