mandag 7. november 2011

Svart pose


Ein av mine favorittposar :)





søndag 30. oktober 2011

Raud pose

Bursdagsgåve til systo :)




mandag 20. juni 2011

Geriljabroderi


mandag 11. april 2011

Vårteikn

Eit sikkert vårteikn?

- Jo, det er når sjukepleiaren som set allergisprøytene mine spør meg om eg opphalde meg mykje ute for tida..!

søndag 10. april 2011

fredag 8. april 2011

Vind


Har hatt nokre flotte vårdagar no, men sjølv om sola varmar så har de vore ein forferdeleg kald vind. I dag har me site på arbeid og høyrt vinden ule utanfor. Og eg trur jammen det har komme eit par vindkast heime og i løpet av dagen...!


Inne er det derimot vindstille og krypande påskestemning.

søndag 3. april 2011

Vårrusletur på Gimle gård


Tok meg ein rusletur på Gimle gård i dag. Det var fantastisk deilig! Sola varma godt, så sette meg ned på ein av benkane og naut den friske vårlufta.



Bilen hadde stått i solsteiken i mellomtida, så den var varm og god då eg sette meg inn. Gler meg til den reelle utetemperaturen blir like høg... ;)

lørdag 2. april 2011

Vårpuss på syklane


Det er april og det meste av snøen har smelta vekk, så då fann me ut det var på tide å gje syklane ein liten vårpuss. Gutane har stått på og vaska og spylt og tørka og smurt og justert, så no er det fritt fram for sykkelturar framover :)

fredag 1. april 2011

Rekepelleopplæring


Mannen skulle kose seg med reker i kveld, og då ville guten smake. Og jammen likte han det! - Så då var neste steg å lære å "pelle" rekene, hehe :)

- Og nei, dette er ikkje ein aprilspøk! :D

mandag 28. mars 2011

Gitardilla

Trur eg trygt kan sei at tenåringen har fått dilla på gitar... I fjor fekk han elgitar til bursdagen, og i år har han kjøpt seg stålstrengar for bursdagspengane.
Og med øving kjem sanneleg resultata! Dei siste vekene har me fått høyra stadig nye songar og riff, og mestring av både grep og takt blir bedre for kvar dag som går.
- Håpar eg snart får lov til å filme litt slik at eg kan lage skrytevideo... ;)

torsdag 24. mars 2011

Nytt broderi

Gjekk litt fort i svingane då eg fyrst kom i gang, så bomma litt på teljinga, gitt. Prøvde å fikse tomrommet ved å sy eit lite hus, men det fungerte ikkje så veldig bra. Eg orka heller ikkje å fjerna det att. Jaja. Eg får prøva att seinare ei gong..