mandag 28. mars 2011

Gitardilla

Trur eg trygt kan sei at tenåringen har fått dilla på gitar... I fjor fekk han elgitar til bursdagen, og i år har han kjøpt seg stålstrengar for bursdagspengane.
Og med øving kjem sanneleg resultata! Dei siste vekene har me fått høyra stadig nye songar og riff, og mestring av både grep og takt blir bedre for kvar dag som går.
- Håpar eg snart får lov til å filme litt slik at eg kan lage skrytevideo... ;)

torsdag 24. mars 2011

Nytt broderi

Gjekk litt fort i svingane då eg fyrst kom i gang, så bomma litt på teljinga, gitt. Prøvde å fikse tomrommet ved å sy eit lite hus, men det fungerte ikkje så veldig bra. Eg orka heller ikkje å fjerna det att. Jaja. Eg får prøva att seinare ei gong..