søndag 22. januar 2012

Gåve til nevø nr. 2

Til nevøen som var fødd i 2009 strikka eg hue, vottar og labbar.

Syns bildet var litt tøft.

Forsøk på blogging att!

Fekk litt pepper frå systo tidlegare denne månaden fordi eg ikkje har blogga noko sidan i april i fjor. Tenkte difor å starte opp att så smått med eit innlegg eller to.

Har i det siste kost meg med å kikke gjennom ein del av bileta eg har liggjande på PCen, og fann då bilete av ymse handarbeidsprosjekt eg har halde på med dei siste åra. Syns desse var litt søte, så fann ut eg kunne dela dei:

Gjorde eit forsøk på å strikka tjukkelabbar til nevøen som var fødd i august 2007. Det viste seg at eg ikkje feilberekna størrelsen litt, så labbane måtte få ein ny eigar...

...nemleg denne vesle karen som også skulle vera presang. Syns han blei litt tøff, eg!

Strikka nye sokkar til nevøen, denne gongen litt større enn sist. Laga også merkelappar som eg hengde på.

Var moro å sjå desse att ;)
 


torsdag 5. januar 2012

Faces in places..

Det er ikkje alltid så mykje som skal til for å gjera dagen litt betre...