I dag har me hatt -18°C, sol og relativt mykje snjo. Skulle nesten tru det var vinter! Berre synd det er meldt mildver og regn neste veke når eg skal ha fri.
Sent from Samsung Mobile
tirsdag 11. desember 2012
søndag 9. desember 2012
Slag #2
I serien "Pernille gjer ting ho ikkje kan" er me no komne til jolekakeslag nr 2: Krumkaker!
Lage røra - check.
Steike krumkakene og rulle dei på improviserte krumkakepinnar av papp og matpapir - check.
Legge krumkakene fint i jolekakeboksar - check.
Med hjelp av eit godt, gamalt, elektrisk krumkakejern og litt lett googling klarte eg faktisk å få til noko som liknar på krumkaker i allefall. Trur faktisk et par av dei kan serverast til gjestar óg.
Vinter
Det ser ut til at værmeldinga og varslinga om store nedbørsmengder stemte. I går hadde me eit tynt snødekke og -10°C. I dag vakna me opp til 0°C og maaaaaaasse snø. Jaja, det er berre å finna fram snøskuffa og setje i gang...
lørdag 8. desember 2012
Så går vi rundt om en...
...tuja...!?!
Ser ut som fuglane har tjuvstarta jolefeiringa i løpet av natta. Nesten litt synd at eg ikkje har fått på lyslenka enno :)
onsdag 5. desember 2012
1 slag snart i (kake)boks
Har aldri laga havreflarn før, så tenkte eg måtte prøva. Kjapt å lage, og dei vart faktisk ok :)
Sent from Samsung Mobile
Sent from Samsung Mobile
Abonner på:
Innlegg (Atom)






