onsdag 16. januar 2013

Onsdagskos og stoveglede!

 Etestova vart levert i dag! Endeleg! Dette har eg venta på i snart halvannan måned (eller var det 15 år?), så no var det godt å endeleg få ein skikkeleg og eigenkjøpt plass å ete!!


Spisebordet og benken kom flatpakka, og heldigvis fekk eg god hjelp frå sonen til å montera og ikkje minst få bordet på plass. Det var ikkje ein jobb for fiskebollemusklar! Alt er i massiv eik, så då seier det seg i grunnen sjølv at både stolar, benk og bord veg litt. Det var med nød og neppe me klarte å få snudd bordet rett veg, og eg må verkeleg ta i om eg skal løfte eine enden. Heldigvis var karane frå Bring både snille og sterke, så eg fekk dei til å bera bordplata opp for meg. Hvis ikkje, så hadde det blitt ståande i gangen til mannen kjem heim att, gitt.


I kveld har eg fyrt i ovnen og prøvesite etestova og kost meg. :)

Ingen kommentarer: