Så var det å bæra alt ut på parkeringsplassen til den ventande bilen. Fine bilen som har plass til ALT! Trudde me. Eventuelt så ignorerte me alle tankar om at det berre er ein liten Polo og at den eigentleg ikkje har _så_ god plass. Me var i allefall førebudde på å måtta ta fleire turar for å få alt med. Men det var ganske så irriterande å oppdage at det var to små cm som utgjorde skilnaden på om me fekk stolane inn i bilen eller ikkje, og dermed mellom to og tre turar. Me fekk i allefall bordet og putene greit inn, og mannen køyrde føste turen medan madammen sette seg godt til rette i ein av stolane med laptopen på fanget. Fekk mange smil og nokre kommentarar ja...

..og mens mannen køyrde tur nummer to var det for madammen å dra opp att laptopen, finne fram høyretelefonar, og setje seg godt til rette og sjå på film. Tredje turen fekk både madammen og siste stolen vera med heim.
Syns i grunnen det vart ganske fint, men det blir nok enno finare med puter på plass. (Det byrja å regne då me kom heim, så valde å ikkje leggja dei ut i dag ;) Gler meg verkeleg til å bruka det! - Og ikkje minst til å kasta dei gamle, morkne og ikkje-fullt-så-kvite-som-dei-opprinneleg-var-plastmøblane!!!
No er det klart for sommarkos! -Nokon som vil komme og prøvesitje...? ;-)




