Bil
- Briller/linser
Digital kjøkkenvekt
Fotoapparat (digital speilrefleks)
- Garasje
God steikepanne med høge kantar
- Hus
Jobb
- Kamerastativ (tripod)
- Laptop
- Massasje
- Mastergrad
Ny (flyttbar)harddisk til backup av bilder
Ny tresteikespade
- Parfyme (Salvador Dalí – Dalissime)
Pengar til ny kommode/ar
- Stort, lilla firkantskjerf
- Symaskin
- Trimsykkel
- Utebelysning
lørdag 28. august 2010
Oppdatert ynskje-/hugseliste
Fann ut eg måtte oppdatere ynskjelista mi slik at eg kan hugse kva eg har fått/kjøpt og ikkje...
Tøffe knaggar
Var og prøvde kle på Sørlandssenteret i dag, og måtte berre ta bilete av desse fantastisk tøffe knaggane i prøverommet. Kjempestilige :)
mandag 16. august 2010
Mandig mat...?
Måtte ta bilde då mannen hadde laga (les: tint :p ) seg sushimiddag. Flirte godt av den rosa fisken og dei søte skålene han hadde funne fram, hehe ;-)
mandag 2. august 2010
Briller med vinger...
Eg er nesten stolt. Eg burde nok heller vore flau, men eg har i allefall spart ein del kroner. I staden for å kjøpe linser eller solbriller med styrke (som jo er dyrt begge delar) har eg brukt ein femtilapp på eit par lekre clip-ons. No kan eg faktisk køyre bil i strålande solskin utan å måtta velja om eg skal sjå klart eller klara å halda augene oppe over lengre periodar. Det er truleg også slutt på nødløysinga med solbriller utanpå vanlege briller - og stresset med å få dei frå kvarandre på veg inn i tunnelar - og stresset med å få dei til å henge på på veg ut av tunnelar. Herleg!
PS. Berre for å gjera det heilt klart: Når eg ikkje køyrer bil nøyer eg meg med vanlege solbriller - det er trass alt ikkje _så_ viktig å kjenne folk att på meir enn eit par meters hald...? DS.
PS. Berre for å gjera det heilt klart: Når eg ikkje køyrer bil nøyer eg meg med vanlege solbriller - det er trass alt ikkje _så_ viktig å kjenne folk att på meir enn eit par meters hald...? DS.
søndag 1. august 2010
Artig notis
Herleg notis i avisa i sommar:
"Bringebæra er mogne, men køyrer ikkje til Voss i år."
-Snakk om late bringebær!
"Bringebæra er mogne, men køyrer ikkje til Voss i år."
-Snakk om late bringebær!
Båttur og makrellfiske :)
Har vore på overnattingsbesøk på campinghytta til Systo m/fam i Tregde. I dag tok me oss ein liten båttur. Litt kjølig når sola gøymde seg, men ellers bra.
Fint :)

Svogeren fekk ein liten sei, medan mannen (med pittelitt hjelp frå meg) fekk fire makrellar! Tipp kva me hadde til middag i dag? :-)
Ja, og så fekk eg sett noko eg som landkrabbe ikkje hadde sett før: Fotoboks til sjøs!
Først eit fotoboksskilt....
...så ein fotoboks! :D

Abonner på:
Innlegg (Atom)